Velkomen

Like ved fylkesveg 7, turistvegen gjennom Hardanger, ligg Steinstø Fruktgard. I sommarhalvåret har me kvalitetsfrukt og -bær, heimelaga eplemost, syltetøy og gelear, smurde lefser, eplekaker og mangt anna godt.

Både frukt, bær og dei andre produkta me lagar, vert selde i Steinstø Frukt- og Kakebu. Bua ligg kloss i fylkesvegen og har både utsal og kafé. I utsalet finn du ikkje berre produkt frå garden, men også mat frå andre lokale leverandørar. Du kan nyta kafématen ute eller inne saman med den vakre utsikten over Hardangerfjorden og Folgefonna.

Steinstø Frukt- og Kakebu sin kafè og gardsmatutsal åpnar for sesongen sundag 21. mai. Det vert sundagsope fram til 11.juni. I tillegg er det ope Kristi himmelfartsdag 25. juni og 2.pinsedag 5.juni. Frå og med måndag 12. juni er det ope dagleg fram til sundag 3. september.
 
I gardsrestauranten Kjedlaren i gardstunet tek me imot større og mindre grupper på førespurnad. På menyen står god, heimelaga tradisjonsmat.

Steinstø Fruktgard kan dessutan tilby ulike aktivitetar for store og små.

Lik og følg oss gjerne på Facebook!

 







        Rediger