Gardsvitjing Epleplukkto Img_4059 Img_4066 Img_4074

Gardsbesøk

Steinstø Fruktgard tek mot grupper for omvising i frukthagen.

Tilbodet eignar seg godt for mellom anna firmaturar, pensjonistutflukter og blåturar.

Ynskjer de servering, får de det i gardsrestauranten Kjedlaren. Kanskje vil de henta eple, vera med og pressa eplesaft eller smaka ferdig sider?

Me syr saman eit opplegg som dekker dykkar behov. Rekkefølgja og innhaldet bestemmer de.