Om garden
Steinstø Fruktgard ligg idyllisk til i fredelege omgjevnader ved den vakre Hardangerfjorden. Steinstøslekta har drive garden i ni generasjonar. Tidlegare var drifta tradisjonell, men dei siste ti åra har det endra seg. I staden for at frukt og bær vert levert til grossistar, vert det selt direkte frå garden. Den 60 mål store eigedomen har 3.500 frukttre, samt felt med bringebær og jordbær.
På garden bur bonden Ola Steinstø og sambuar Ruth. Dei har fem born. Kårfolket, Turid og Arnvid Steinstø, bur eit steinkast unna. Dei er uunnværlege i gardsdrifta.
Heidi Steinstø Helgheim, syster til Ola, har òg sitt daglege virke på garden. Ho driv gardsrestauranten Kjedlaren og Steinstø Frukt- og Kakebu.
Ola har sitt heiltidsvirke på garden. Faren, Arnvid, er pensjonert, men dagleg med i drifta. I sesongen plukkar og sel også borna frukt og bær. Mannen til Heidi, Andor, stiller ofte opp som guide og for å hjelpa til med frukt- og bærsal. Sidan 1996 har polske sesongarbeidarar jobba på garden. Dei same arbeidarane har kome att år etter år. I dag sysselset garden tre sesongarbeidarar. Totalt utgjer garden nesten fire årsverk.
