Frukt & bær
Jordbæra våre er mogne frå midten av juni. Søte, store bringebær kjem i juli, og får følgje av moreller, kirsebær, plommer, eple og pærer. Lagringsfrukt har me frå september til sesongen vert avslutta nærare jul. I eit normalår haustar me om lag seksti tonn frukt og bær.
Fordi me sel all frukt sjølve har me eit rikt utval av plomme-, eple- og pæresortar. Me har alt frå tidleg mogen, til seint mogen frukt. Me tilbyd 15 ulike plomme- og pæresortar, og 25 eplesortar. På denne måten har me alltid frisk og nyplukka frukt, og noko for einkvar smak.
Nærmare informasjon om våre frukt- og bærsortar finn du her
