Frukt og bær

Jordbæra i Steinstø er i normalår mogne i midten av juni. Søte, store bringebær kjem vanlegvis i juli, og får følgje av moreller, kirsebær, plommer, eple og pærer. Lagringsfrukt har me frå september til sesongen vert avslutta nærare jul. I eit normalår haustar me om lag seksti tonn frukt og bær.

Fordi me sel all frukta sjølve, har me eit rikt utval plomme-, eple- og pæresortar. Me har alt frå tidleg til seint mogen frukt, til saman 15 ulike plomme- og pæresortar, og 25 eplesortar. Me har alltid frisk og nyplukka frukt i sommarhalvåret, og noko for kvar ein smak.

Ynskjer du fleire opplysingar, kan du ringja Ola på 92 25 26 37

Nærare informasjon om våre frukt- og bærsortar finn du her
 
 

        Rediger