Steinstø Frukt- og Kakebu

Like ved fylkesveg 7 ligg fruktutsalet og kafeen vår, Steinstø Frukt- og Kakebu.

Opningstid 2017
Måndag - fredag 11.00 - 18.00
Laurdag 11.00 - 17.00
Sundag 11.00 - 18.00. Servering av middag sundagar mellom 13.00 og 17.00.

For meny: Sjå facebook - Steinstø frukt- og kakebu.
 

Kafeen har eit godt utval kaffimat, inkludert den verdskjende eplekaka vår. Du kan sitja inne eller ute og nyta praktfull utsikt over Hardangerfjorden og Folgefonna i himmelsynet.

Fruktutsalet ligg vegg i vegg med kafèen. Her finn de frukt og bær frå garden, eigenprodusert syltetøy og bakverk, og gardsmatprodukt frå andre lokale leverandørar.

Velkomen!

Lik og følg gjerne Steinstø Frukt- og Kakebu på Facebook!

 
 
 
 

        Rediger