Gardsrestaurant

Vår koselege gardsrestaurant Kjedlaren ligg i kårhuset. Den er open for grupper på over 15 personar som har bestilt på førehand.
For bestilling av lokalet og mat, kan du ringa Heidi på telefonnummer: 99 69 15 27.

Tidlegare vart kjellaren nytta til sortering av frukt, men i 2007 vart lokala totalrenoverte. No kan Kjedlaren nyttast til alle typar arrangement året rundt, til dømes bursdagar, barnedåp, konfirmasjon, bryllaup, vennefestar eller blåturar. Lokalet rommar om lag seksti personar.

Lokala er også veleigna til kurs og møte. Me har prosjektør, lerret og trådlaust Internett.

SERVERING:

I Kjedlaren lagar Heidi heimelaga tradisjonsmat, gjerne laga av lokale råvarer. Gjester kan få servert lunsj, middag, koldtbord eller enklare rettar.

Kjedlaren har skjenkeløyve for øl, vin og brennevin.

CATERING:

Steinstø Fruktgard kan også levera mat til ulike arrangement. Menyen finn du her. Ta kontakt om du er interessert.

 
 
 

        Rediger