Om garden

Steinstø Fruktgard ligg idyllisk til i fredelege omgjevnader ved den vakre Hardangerfjorden. Steinstøslekta har drive garden i ni generasjonar. Tidlegare var drifta tradisjonell, men dei siste femten åra har det endra seg. I staden for at frukt og bær vert leverte til grossistar, vert alt selt direkte frå garden. Den 60 mål store eigedomen har 3.500 frukttre, samt felt med bringebær og jordbær.

På garden bur Ruth og Ola Steinstø med sine born. Ola er bonde på heiltid og har sitt arbeid på garden året rundt. Ruth arbeider som fysioterapeut og driv grupper i Basal Kroppskjennskap på garden om vinteren. I sesongen deltek ho i diverse gards- og kaféarbeid. Heidi Steinstø Helgheim, syster til Ola, bur like i nærleiken. På garden driv ho restauranten Kjedlaren, og Steinstø Frukt- og KakebuPolitimannen til Heidi, Andor, stiller ofte opp som guide og frukt- og bærseljar på fritida. Foreldra til Heidi og Ola - Turid og Arnvid Steinstø - er framleis til god hjelp i den daglege gardsdrifta. Kårkallen er på arbeid kvar dag.

Sidan 1996 har polske sesongarbeidarar jobba på garden. Dei same arbeidarane har kome att år etter år. I dag sysselset garden fem sesongarbeidarar. Totalt utgjer arbeidet på garden nesten seks årsverk.
 
 

        Rediger